mandag 11. august 2008

SEINSOMMAR OG JORDBÆR

Jordbær er godt altså...
-og også i år må vi fylle frysaren med deilig rørt jordbærsylte!!
Hausten nærmar seg, ute blir det mørkare, kjøligare kveldar, og eg må seie at eg nyt det!!
Hausten er mi favoritt årstid- kosar meg med lange kveldar i godstolen, tenner stearinlys, og roar ned..
-og kva er vel betre då enn ein stor kopp rykande te, nybaka bollar, og deilig jordbærsylte?!

mmm...då er det berre å nyte det!!

Ønskjer alle saman ein riktig fin haust.
Ro ned og nyt livet!!

EI FANTASTISK VEKE I BULGARIA

Då er det vel på tide med ei lita oppdatering frå ferien vår i Bulgaria.

Allereie er det ei veke sidan vi kom heim igjen, og då bar det rett på jobb, med arbeidshelg og det heile, men no må eg ta meg på tak....

Vi har iallefall hatt ei FANTASTISK veke i Byala. Vi storkosa oss alla saman!!
-Late dagar ved bassenget, langt vekk fra kjas og mas, mykje god mat, ungane som ni-kosa seg med full merksemd og trivelegt selskap...
Kan det bli betre??

På dette flotte hotellet bodde vi. Heilt nytt- kjempe fint!!
Vi hadde "all inclusive", nydeleg mat og drikke, der vi kunne forsyne oss når det måtte vere. Nydeleg....men også litt farleg....ikkje lett å begrense seg når alt ser så innbydande ut..!!
Men- men den støyten lyt vi ta igjen no når vi er heime igjen...
SIGNE nyt livet



To glade badenymfer

Her får Signe gleda av å skubbe Sivert ut i bassenget.
KJEKT




mmmmm...så deilig å få ete is heilt aleine




KAROLINE




S Signe og Håkon testar dansemusikken







Asbjørn feira 40-års dagen sin, og det måtte sjølvsagt feirast med champagne.
SKÅL Asbjørn og Monika!!


























Det "lokale toget" som tok oss med på rundtur i Byala!!
Ikkje akkurat NSB men...