mandag 11. august 2008

SEINSOMMAR OG JORDBÆR

Jordbær er godt altså...
-og også i år må vi fylle frysaren med deilig rørt jordbærsylte!!
Hausten nærmar seg, ute blir det mørkare, kjøligare kveldar, og eg må seie at eg nyt det!!
Hausten er mi favoritt årstid- kosar meg med lange kveldar i godstolen, tenner stearinlys, og roar ned..
-og kva er vel betre då enn ein stor kopp rykande te, nybaka bollar, og deilig jordbærsylte?!

mmm...då er det berre å nyte det!!

Ønskjer alle saman ein riktig fin haust.
Ro ned og nyt livet!!

EI FANTASTISK VEKE I BULGARIA

Då er det vel på tide med ei lita oppdatering frå ferien vår i Bulgaria.

Allereie er det ei veke sidan vi kom heim igjen, og då bar det rett på jobb, med arbeidshelg og det heile, men no må eg ta meg på tak....

Vi har iallefall hatt ei FANTASTISK veke i Byala. Vi storkosa oss alla saman!!
-Late dagar ved bassenget, langt vekk fra kjas og mas, mykje god mat, ungane som ni-kosa seg med full merksemd og trivelegt selskap...
Kan det bli betre??

På dette flotte hotellet bodde vi. Heilt nytt- kjempe fint!!
Vi hadde "all inclusive", nydeleg mat og drikke, der vi kunne forsyne oss når det måtte vere. Nydeleg....men også litt farleg....ikkje lett å begrense seg når alt ser så innbydande ut..!!
Men- men den støyten lyt vi ta igjen no når vi er heime igjen...
SIGNE nyt livet



To glade badenymfer

Her får Signe gleda av å skubbe Sivert ut i bassenget.
KJEKT




mmmmm...så deilig å få ete is heilt aleine




KAROLINE




S Signe og Håkon testar dansemusikken







Asbjørn feira 40-års dagen sin, og det måtte sjølvsagt feirast med champagne.
SKÅL Asbjørn og Monika!!


























Det "lokale toget" som tok oss med på rundtur i Byala!!
Ikkje akkurat NSB men...










mandag 28. juli 2008

BULGARIA -here we come

JIPPI- då er vi endeleg klare for årets etterlengat ferie, BULGARIA er noko vi har gleda oss til i fleire månader!! -Og endeleg er vi snart på veg.

Har no hatt syden- varme her heime i fleire dagar , og nytt det har vi verkeleg gjort. Vore på fjellturar og på badeplassen, innimellom huslege syslar som berre "må" gjerast.
-Men no gler oss veldig til å kome vekk ei lita stund. -Der vi berre skal nyte dagane ilag, ha full merksemd på berre å slappe av, ete god mat, kanskje nyte eit godt glas vin på verandaen om kvelden, og ikkje minst bruke tida på dei skjønne ungane våre.
Skal bli ekstra artig å oppleve "syden" ilag med dei!!

Signe er svært spent, gler seg veldig til å bade, bygge sandslott ilag med søskenbarn Sivert, og ikkje minst ete MYKJE is!!
Ludvik er vel endå uvitande om kva som ventar han, men trur nok han kjem til å kose seg mykje han også!




-så ikveld ser stovegolvet vårt slik ut.
Forhåpentligvis har vi huska det meste, men om det er noko vi har gløymt overlever vi nok!! -det finns vel butikkar der også!?
Då gjenstend det berre å ønske alle sammen ei strålande veke, håper sommaren held fram, så fineveret kan nytast fortsatt!!!

fredag 25. juli 2008

KILSTISETRA

Idag har vi hatt ein nydelig dag ved kilstivatnet, som er ei PERLE på jord!!

Desverre gløymde eg kamera, så alle dei fantastiske øyeblikka let seg desverre ikkje formidle med bilder... Men nydelig hadde vi det iallefall!!
Himmelen var knall blå, ungane bada, pølser i stormkjøkkenet...kan ein ha det betre??

EIN PERFEKT DAG!!!!

torsdag 24. juli 2008

Til Signe si store glede har naboen fått seg ein nydelig liten kattepus, ho er berre so søt.
-Og vi er bortom ein tur kvar dag for å bivåne, og kose med vidunderet..
Her ein kveld kom ho og lurte på om ho kunne få låne kameraet...ho skulle nemleg bort til Lindis for å ta bilde av pusen, og vise til pappa.
-Og sjølvsagt fekk ho lov til det...Og resultatet ser dokke her.
Er det rart vi er fortapt kanskje??
Eit anna populært objekt er TIKO, hunden til mormor og
morfar, han må stadig finne seg i å vere fotomodell når

trulte stiller med kamera!!


KOS

Etter badet i kveld var det godt med kos i fanget til Karoline

FROSKE-SVØMMEBRILLER

I går tok vi oss ein kjapp tur på moa,der vi hadde forskjellige ærend vi skulle ordne før vi om 5(!) dagar reiser til BULGARIA!!!
-Der måtte vi sjølvsagt innom ein leikebutikk, noko som er obligatorisk på våre moa turar...,
Og Signe vart totalt forgapt i desse froske-svømmebrillene,-og då klarte mamma sjølvsagt
ikkje stå imot...... Er dei ikkje fine kanskje?
Ikveld måtte ho prøve dei i badekaret, og ho var strålande fornøgd, så no skulle ho vel vere klar for å utforske livet under vatn i Svartehavet...!!!