fredag 25. juli 2008

KILSTISETRA

Idag har vi hatt ein nydelig dag ved kilstivatnet, som er ei PERLE på jord!!

Desverre gløymde eg kamera, så alle dei fantastiske øyeblikka let seg desverre ikkje formidle med bilder... Men nydelig hadde vi det iallefall!!
Himmelen var knall blå, ungane bada, pølser i stormkjøkkenet...kan ein ha det betre??

EIN PERFEKT DAG!!!!

3 kommentarer:

Tove sa...

Hei! Forstod det slik at du var i startgropa i Blogglandia - men dette lovar kjempebra! Kjem heilt sikket attende til bloggen din, ja! Ha ein fin tur til Bulgaria, forresten! Vi er fint ferdige med ferie for i år. Har ein mann som sjeldan kan ta seg ferie om sommaren, og då må eg nesten gramme meg litt over den lange "lærarferien". Kan bli lange dagar med tre ungar åleine, men du verden kor mykje artig dei klarer å finne på likevel! Ha ei god helg! Det blir vel "kuffert"-pakking, tenkjer eg? (må berre vise at Ingrunn har lært meg eitt og anna eidsdalsk ord...hi, hi!)

Monika sa...

Ja vi hadde ein fine dag :-)
Og Både 2 -4 beinte kosa seg
Smil
ps - eg har da maaasse bilder

Tove sa...

Dei har sikkert dette merket på ymse nettbutikkar, berre å søke på nettet. Eg kjøpte dei på ein butikk i Ulsteinvik. Har ikkje sett merket på nokon av butikkane på Moa. Har forresten linkar til maaaaange fine nettbutikkar med spesielle kle for born, finn dei på bloggen min! Vi har vore i fjøra i heile dag òg, no ventar eg syskena mine m/fam. Det skal grillast!