mandag 28. juli 2008

BULGARIA -here we come

JIPPI- då er vi endeleg klare for årets etterlengat ferie, BULGARIA er noko vi har gleda oss til i fleire månader!! -Og endeleg er vi snart på veg.

Har no hatt syden- varme her heime i fleire dagar , og nytt det har vi verkeleg gjort. Vore på fjellturar og på badeplassen, innimellom huslege syslar som berre "må" gjerast.
-Men no gler oss veldig til å kome vekk ei lita stund. -Der vi berre skal nyte dagane ilag, ha full merksemd på berre å slappe av, ete god mat, kanskje nyte eit godt glas vin på verandaen om kvelden, og ikkje minst bruke tida på dei skjønne ungane våre.
Skal bli ekstra artig å oppleve "syden" ilag med dei!!

Signe er svært spent, gler seg veldig til å bade, bygge sandslott ilag med søskenbarn Sivert, og ikkje minst ete MYKJE is!!
Ludvik er vel endå uvitande om kva som ventar han, men trur nok han kjem til å kose seg mykje han også!




-så ikveld ser stovegolvet vårt slik ut.
Forhåpentligvis har vi huska det meste, men om det er noko vi har gløymt overlever vi nok!! -det finns vel butikkar der også!?
Då gjenstend det berre å ønske alle sammen ei strålande veke, håper sommaren held fram, så fineveret kan nytast fortsatt!!!

1 kommentar:

Villa Remvik sa...

No venta ejs epnt på bilde fra ferien! Håpe dåkke he hatt det supert på tur! Klem