Har no hatt syden- varme her heime i fleire dagar , og nytt det har vi verkeleg gjort. Vore på fjellturar og på badeplassen, innimellom huslege syslar som berre "må" gjerast.
-Men no gler oss veldig til å kome vekk ei lita stund. -Der vi berre skal nyte dagane ilag, ha full merksemd på berre å slappe av, ete god mat, kanskje nyte eit godt glas vin på verandaen om kvelden, og ikkje minst bruke tida på dei skjønne ungane våre.
Skal bli ekstra artig å oppleve "syden" ilag med dei!!
Signe er svært spent, gler seg veldig til å bade, bygge sandslott ilag med søskenbarn Sivert, og ikkje minst ete MYKJE is!!
Ludvik er vel endå uvitande om kva som ventar han, men trur nok han kjem til å kose seg mykje han også!


-så ikveld ser stovegolvet vårt slik ut.
Forhåpentligvis har vi huska det meste, men om det er noko vi har gløymt overlever vi nok!! -det finns vel butikkar der også!?
Då gjenstend det berre å ønske alle sammen ei strålande veke, håper sommaren held fram, så fineveret kan nytast fortsatt!!!









På vegen fann Signe smørblomster, og då måtte ho sjølvsagt sjekke om pappan likar smør.............noko han visstnok gjorde









Ei lita primadonna spent og klar! 




