Vi har lenge gleda oss til å kunne ta turen til Hunderfossen, og endeleg laga det seg slik at vi fekk det til!!
Vi starta onsdag 2 juli, henta pappa på jobben kl 13.00, og starta turen.
Ungane var kjempe flinke i bilen. Vi hadde en pause på Otta der vi fekk oss litt mat i livet, og fekk ut litt innnestngt energi! (-Og mamma fekk bruke litt peng på kjøpesenteret..)
Tidleg på kvelden kom vi fram til Quality Hafjell Hotell, der vi skulle bo i to dagar. Der venta Andrea Lovise, Knut Elias, Kari Elisabet og Oddmund på oss. Triveleg selskap!!!
Kjempe stas å bo på barnas hotell: eiga innsjekking for ungane, egen matbufffet, og ikkje minst dans og underholdning med PICCOLO!!!
Torsdagen hadde vi ein strålande dag i Hunderfossen. Vi storkosa oss store som små. -Og det gjorde det ikkje verre at vergudane viste seg frå si beste side.. Fredags morgonen måtte vi desverre sette kursen heim over igjen, men vi var enige om at vi hadde hatt ein super tur, med veldig kjekt selskap i familien Løvoll Dalhus.
Påskestrikk!
for 12 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar