tirsdag 15. juli 2008

KVELDSKOS

I kveld benka vi oss rundt kjøkkenbordet og kosa oss med havregrynsgraut til kveldsmat.
-Eit svært godt alternativ til brødskiver!!

Ludvik fekk skeia og åt sjølv!! Mykje havna der det ikkje skulle havne, men ein del kom dit det skulle også!! Artig å sjå entusiasmen og gleda når han meistrar vanskelege ting; som å ete med skei for eksempel.


Djup konsentrasjon

mmmmm...graut med sukker og smør er kjempe godt altså


Medan vi kosa oss med maten, hadde vi høgt lesing!! Signe (m fl) hadde nemleg fått kort frå Sofie og gjengen som har feriert i Portugal. vi drøymde oss heilt vekk til sydens sol og varme..(Berre to veker til vi reiser til Bulgaria!!JIPPIII!!)
Kortet vart, etter Signe sitt ønske, lest opptil fleire gongar.
Stas med post, så tusen takk for kortet Sofie!!




Ingen kommentarer: