mandag 28. juli 2008

BULGARIA -here we come

JIPPI- då er vi endeleg klare for årets etterlengat ferie, BULGARIA er noko vi har gleda oss til i fleire månader!! -Og endeleg er vi snart på veg.

Har no hatt syden- varme her heime i fleire dagar , og nytt det har vi verkeleg gjort. Vore på fjellturar og på badeplassen, innimellom huslege syslar som berre "må" gjerast.
-Men no gler oss veldig til å kome vekk ei lita stund. -Der vi berre skal nyte dagane ilag, ha full merksemd på berre å slappe av, ete god mat, kanskje nyte eit godt glas vin på verandaen om kvelden, og ikkje minst bruke tida på dei skjønne ungane våre.
Skal bli ekstra artig å oppleve "syden" ilag med dei!!

Signe er svært spent, gler seg veldig til å bade, bygge sandslott ilag med søskenbarn Sivert, og ikkje minst ete MYKJE is!!
Ludvik er vel endå uvitande om kva som ventar han, men trur nok han kjem til å kose seg mykje han også!




-så ikveld ser stovegolvet vårt slik ut.
Forhåpentligvis har vi huska det meste, men om det er noko vi har gløymt overlever vi nok!! -det finns vel butikkar der også!?
Då gjenstend det berre å ønske alle sammen ei strålande veke, håper sommaren held fram, så fineveret kan nytast fortsatt!!!

fredag 25. juli 2008

KILSTISETRA

Idag har vi hatt ein nydelig dag ved kilstivatnet, som er ei PERLE på jord!!

Desverre gløymde eg kamera, så alle dei fantastiske øyeblikka let seg desverre ikkje formidle med bilder... Men nydelig hadde vi det iallefall!!
Himmelen var knall blå, ungane bada, pølser i stormkjøkkenet...kan ein ha det betre??

EIN PERFEKT DAG!!!!

torsdag 24. juli 2008

Til Signe si store glede har naboen fått seg ein nydelig liten kattepus, ho er berre so søt.
-Og vi er bortom ein tur kvar dag for å bivåne, og kose med vidunderet..
Her ein kveld kom ho og lurte på om ho kunne få låne kameraet...ho skulle nemleg bort til Lindis for å ta bilde av pusen, og vise til pappa.
-Og sjølvsagt fekk ho lov til det...Og resultatet ser dokke her.
Er det rart vi er fortapt kanskje??
Eit anna populært objekt er TIKO, hunden til mormor og
morfar, han må stadig finne seg i å vere fotomodell når

trulte stiller med kamera!!


KOS

Etter badet i kveld var det godt med kos i fanget til Karoline

FROSKE-SVØMMEBRILLER

I går tok vi oss ein kjapp tur på moa,der vi hadde forskjellige ærend vi skulle ordne før vi om 5(!) dagar reiser til BULGARIA!!!
-Der måtte vi sjølvsagt innom ein leikebutikk, noko som er obligatorisk på våre moa turar...,
Og Signe vart totalt forgapt i desse froske-svømmebrillene,-og då klarte mamma sjølvsagt
ikkje stå imot...... Er dei ikkje fine kanskje?
Ikveld måtte ho prøve dei i badekaret, og ho var strålande fornøgd, så no skulle ho vel vere klar for å utforske livet under vatn i Svartehavet...!!!



tirsdag 15. juli 2008

KVELDSKOS

I kveld benka vi oss rundt kjøkkenbordet og kosa oss med havregrynsgraut til kveldsmat.
-Eit svært godt alternativ til brødskiver!!

Ludvik fekk skeia og åt sjølv!! Mykje havna der det ikkje skulle havne, men ein del kom dit det skulle også!! Artig å sjå entusiasmen og gleda når han meistrar vanskelege ting; som å ete med skei for eksempel.


Djup konsentrasjon

mmmmm...graut med sukker og smør er kjempe godt altså


Medan vi kosa oss med maten, hadde vi høgt lesing!! Signe (m fl) hadde nemleg fått kort frå Sofie og gjengen som har feriert i Portugal. vi drøymde oss heilt vekk til sydens sol og varme..(Berre to veker til vi reiser til Bulgaria!!JIPPIII!!)
Kortet vart, etter Signe sitt ønske, lest opptil fleire gongar.
Stas med post, så tusen takk for kortet Sofie!!




KILSTISETRA

Søndag trossa vi mørke skumle skyer og hadde ein kjempe fin tur på Kilstisetra.På vegen fann Signe smørblomster, og då måtte ho sjølvsagt sjekke om pappan likar smør.............noko han visstnok gjorde





Artig skue!!



Spennande å få helse på bukken BRUSE på nært hald!





UT PÅ TUR ALDRI SUR





DEILIGE MUFFINS

Fredagar prøvar vi å ha kosedag, for då er det HELG!!
Denne fredagen var ønsket til Signe å lage muffins. Det er noko ungane syns er veldig godt, og dessutan er det veldig kjekt å bake muffins, for ikkje å snakke om å pynte..
Denne dagen hadde Signe besøk av Inga Lill, og jentene satte seg godt til rette på kjøkkenbenken og satte i gang!!
Muffinsane vart kjempe flotte, og såg svært innbydande ut pynta med hjerter i alle regnbogens fargar og non-stop!!
Då dei var vel ferdige kosa vi oss med muffins og saft på verandaen!!! Koseleg!!
Flotte små jenter vi har!!

Ser dei ikkje gode ut kanskje??


søndag 6. juli 2008

Regnbuen

Slik såg himmelen ut søndagskvelden. FLOTT ikkje sant??

Badeplassen

Nok ein strålande dag.........då tok vi turen på badeplassen.
Storkosa oss!!






Vi har lenge gleda oss til å kunne ta turen til Hunderfossen, og endeleg laga det seg slik at vi fekk det til!!

Vi starta onsdag 2 juli, henta pappa på jobben kl 13.00, og starta turen.
Ungane var kjempe flinke i bilen. Vi hadde en pause på Otta der vi fekk oss litt mat i livet, og fekk ut litt innnestngt energi! (-Og mamma fekk bruke litt peng på kjøpesenteret..)

Tidleg på kvelden kom vi fram til Quality Hafjell Hotell, der vi skulle bo i to dagar. Der venta Andrea Lovise, Knut Elias, Kari Elisabet og Oddmund på oss. Triveleg selskap!!!

Kjempe stas å bo på barnas hotell: eiga innsjekking for ungane, egen matbufffet, og ikkje minst dans og underholdning med PICCOLO!!!

Torsdagen hadde vi ein strålande dag i Hunderfossen. Vi storkosa oss store som små. -Og det gjorde det ikkje verre at vergudane viste seg frå si beste side.. Fredags morgonen måtte vi desverre sette kursen heim over igjen, men vi var enige om at vi hadde hatt ein super tur, med veldig kjekt selskap i familien Løvoll Dalhus.
Ei lita primadonna spent og klar!
KJEKT å køyre sopp karusell

Jammen var der ikkje ein ande dam også


Ludvik får køyre tog ilag med pappa. Stor stas



Jammen traff vi ikkje ein skummel tiger også...




Mat monsen vår...





Stas å skulle sove på hotell, men ikkje lett å sovne nei..







Innsetsetra

Søndag 29 juni vakna vi opp til strålande sol og blå himmel. Deilig.
-Og kva er vel betre ein slik dag enn ein tur på fjellet??

Vi narra med oss mormor og morfar, pakka snippsekken, og la i veg.
Målet var Innsetsetra -ei perle på jord!!

Vi storkosa oss alle sammen. Signe strålte, og gjekk heile vegen sjølv. Ludvik storkosa seg ved å ha full oversikt frå rygen til pappa!
På Rellingsetra traff vi desse tre.. Veldig spennande syns Signe
og Ludvik.


Flink jente!!

God-jenta vår


mmm..deilig med litt mat...go`klumpen



pappakos




Matpause er nesten det viktigaste